Part: BANNER1 Leaf: 308417
Part: CONTENTTEXT1 Leaf: 308417
Part: CONTENTTEXT2 Leaf: 308417
Part: LOGINSTATUS Leaf: 308417
 
Part: CONTENTTEXT3 Leaf: 308417
Part: PATH Leaf: 308417

Nytt i statsbudsjettet

Tilskotsordninga til kompletterande undervisning blir justert, og for første gong vert Globalskolen omtala i statsbudsjettet. Her tek vi med utdrag frå post 78: Kompletterande undervisning, overslagsløyving:

Tilskottsordninga medverkar til finansiering av kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og religion, livssyn og etikk (RLE) for elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar.

Forvaltninga av tilskottsordninga blir overførd frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus til Utdanningsdirektoratet f.o.m. 1. januar 2010.

Fylkesmannen fekk 239 søknader for hausten 2008. 160 søknader gjaldt foreldreundervisning, 68 gjaldt undervisning i grupper. Elevane held til i 55 ulike land. Det vart gitt åtte avslag i 2008. Vidare var fem søknader frå godkjende svenske og norske skolar, fem søknader var frå internasjonale skolar, og ein søknad var frå Globalskolen. Globalskolen er ein nettskole og har 950 elevar frå 89 forskjellige land.

Skattedirektoratet har slått fast at det er oppgåveplikt når tilskottsmottakarar er foreldre eller personar som er ansvarlege for gruppeundervisning. Oppgåveplikta inneber at Fylkesmannen i Oslo og Akershus f.o.m. 2009 har måtta betale arbeidsgivaravgift for personar som har trygderettar i Noreg, og sosiale avgifter for arbeidstakarar som er omfatta av trygdeordninga i eit anna EØS-land. Som følgje av dette vart utbetalingane til enkeltpersonar justerte ned i 2009 for at desse avgiftene skulle kunne dekkjast innanfor løyvingsnivået på posten.

Tilskottsordninga vart evaluert i 2006. Ein av konklusjonane var at det er vanskeleg å dokumentere at elevar som får opplæring i regi av foreldre eller i gruppeundervisning, får opplæring av tilfredsstillande kvalitet, og at midlane blir brukte etter intensjonen. På denne bakgrunnen vil departementet leggje om tilskottsordninga f.o.m. skoleåret 2010–11, slik at berre verksemder (internasjonale og utanlandske grunnskolar og nettskolar) kan få tilskott. Departementet vil innføre ei overgangsordning for enkeltpersonar som får tilskott. Overgangsordninga inneber at tilskottet til enkeltpersonar blir redusert med ein tredel kvart skoleår i tre år f.o.m. hausten 2010, slik at dette tilskottet er heilt avvikla f.o.m. skoleåret 2012–13. Omlegginga inneber ein reduksjon på posten med omlag 1 mill. kroner hausten 2010.

Sitert fra statsbudsjettet.
Arne Heimestøl

Part: ARTICLE Leaf: 308417
Part: DIALOGLIST Leaf: 308417
Globalnytt
Skoleavis for Globalskolen

Alle elever og foreldre er velkomne til å skrive i klasseaviser og skoleavisa når de ønsker, men de ulike trinnene/gruppene har et spesielt ansvar i de oppgitte periodene.
   
Uke Trinn/
gruppe
35-37 Lærere og friv.
   
38-41 8.
   
42-44 9.
   
45-47 5.
   
48-50 3.
   
 1-4 1.
   
5-7 2.
   
8-11 10.
   
12-14 6.
   
15-17 7.
   
18-20 4.
   
21-22 alle
   
Part: CONTENTTEXT4 Leaf: 308417

     Globalskolen     |     E-post:  info(krøll)globalskolen.no      |     Tlf. (0047) 70 05 61 46     |     Inntakskontoret: 70 05 61 45     |     - der du er -     

Part: FOOTER1 Leaf: 308417